Eit aldri så lite comeback

Hei alle saman!

 

Etter ei bloggpause som vart mykje lengre enn forventa, vil eg no prøve meg på ny.

Denne gongen vil eg starte på nytt på ordentlig, noko som er reflektert av bloggarkivet mitt. Samanlikna med dei hundrevis av innlegga som låg i arkivet, er det no berre seks velvalde innlegg igjen. Dette kallar eg ein fersk start. For deg som har lest bloggen min jamnt og trutt dei siste åra, ser du kanskje ei anna endring? Vekk er dialektskrivinga, og på plass er nynorsken. Eg følte det var på tide, det òg. Held eg på å bli vaksen, tru?

 

Det forrige innlegget eg skreiv på bloggen var i starten av 2015. Sidan då har det skjedd svært mykje, men alt kan ikkje forteljast i eitt og same innlegg. Den største omveltinga av alle er det at eg ikkje lengre er student. Eg har gått på skule samanhengande i 18 år, og det følest difor svært rart å ikkje gjere det lengre. Kva gjer eg no? Det kjem vi tilbake til!

 

Håpar og trur det er iallefall eit par sjeler der ute som har lyst å lese denne bloggen igjen :)

 


Det blir meir turprat framover, gled dykk!

4 kommentarer

Missmommy.blogg.no

17.09.2015 kl.11:44

Velkommen tilbake:) blir spennende å følge deg videre:) ha en super dag!

Lene

18.09.2015 kl.12:38

No vart ej glade :D

Christine

18.09.2015 kl.21:17

Gratulerer og velkommen tilbake! 😀

Anette Vedøy

26.09.2015 kl.16:44

Velkommen tilbake! Eg, personleg, blir veldig glad når bloggarar skriv på nynorsk! Eg kjem til å fyljge bloggen din framover!

Skriv en ny kommentar

Karina Dale

Karina Dale

24, Volda

Karina Dale. Fjellglad Sunnmørsjente som har villa seg til Bergen. Har ei mastergrad i molekylærbiologi, er over snittet glad i trening, god mat og sosiale hendingar.

Kategorier

Arkiv

hits