Siste året ved Universitetet i Bergen

Som nevnt i førre innlegg, så er eg altså ferdig som student, etter fem utrulig kjekke og spennande år ved Universitetet i Bergen. 1.juni leverte eg masteroppgåva mi, og 9.juni forsvarte eg den og sat då igjen med ei mastergrad i molekylærbiologi. Men, det gjekk så altfor fort!

 

Studentlivet er verkeleg fint. Sjølvsagt er eksamenstider travle, og for å ikkje snakke om siste året med masteroppgåvearbeidet. Som tidlegare nevnt må vi gjennomføre store mengder labarbeid, då det er resultatet av dette labarbeidet masteroppgåva skal omhandle. Det vil seie at det gjennom store deler av masteråret vart dobbelt opp med arbeid, for det må skrivast ved sidan av. Likevel var dette året eit av dei kjekkaste, og definitivt det mest lærerike av alle mine fem år på UiB. Eg valde å skrive oppgåva mi utanfor instituttet, og valde å gjere det på NIFES - nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforskning. Eg har aldri angra på dette - på NIFES vart masterstudentane godt mottekne og inkluderte, og som den sosiale personen eg er så er det alltid veldig kjekt å stifte nye vennskap og utvide nettverket sitt.

 

yfSjECl_R_Konferase på Beitostølen - posterpresentasjon!

 

Labarbeidet til oppgåva fullførte eg rett over påske, og då var det omlag to månadar igjen til oppgåva skulle leverast inn. Denne sluttinnspurten er det alle grur seg mest til, men heldigvis hadde eg fått unnagjort ein god del av oppgåva undervegs ved sidan av labarbeidet. Det vart likevel lagt ned meir enn nok timar i innspurten, men eg hadde tid til å vere detaljorientert og eg nådde målet mitt med året: Å levere eit produkt som eg var fornøgd med. 1.juni etter innlevering vart det sjølvsagt feiring med champagne-lunsj og god mat, og den dagen vart brukt fullstendig til avslapping og kos. Dagen etter var det påan igjen, for presentasjon skulle lagast og øvast på. Det vart hektisk siste veka fram mot presentasjon, men til gjengjeld fekk eg framføre tidlegast av alle, slik at eg kunne gå på andre presentasjonar med senka skuldre. Korleis gjekk det? Joda, eg vart lønna for alt det harde arbeidet, og etter presentasjon og forsvaring vart det kakefeiring og champagnedrikking på instituttet med veiledarar, sensorar, familie og studievennar. Heldigvis hadde eg travle dagar etter dette, slik at eg ikkje rakk å kjenne på tomrommet. Kva gjer ein no?

 

3tPGtPl_RbEi ekstremt letta, sleta og utruleg glad jente etter fullført masterpresentasjon!

 

Eg har vore så heldig å fått ei midlertidig stilling som forskar (berre LITT kry over tittelen da) på NIFES. Det er berre to månadar, men eg får vere med på eit nytt og spennande prosjekt, og ved sidan av skriv eg også min første forskningsartikkel, som eg håpar på å få publisert. Det er stas for ein masterstudent å få moglegheita til å skrive ein artikkel av masterarbeidet sitt!

 

Kva så etter den midlertidige stillinga er over? Året med masterarbeid gjorde meg lysten på å fortsette innan forskning, og difor er eg no ute etter å skaffe meg ei stipendiatstilling (ei doktorgrad). "ENDA MEIR UTDANNING??" seier folk, og ja, utdanning er det så visst, men det er også ein fullverdig, lærerik jobb som eg VEIT eg kjem til å trivst godt i. No handlar det berre om å finne den rette stillinga! Eg har noko på lur, men akkurat DET må komme ved eit seinare høve.

sxHZkRF_Y-

 Kanskje vert det fleire lab-sjølvis i framtida?

 

Kall meg berre Karina Dale, molekylærbiolog. Eller Master of Science, om du vil!

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Karina Dale

Karina Dale

24, Volda

Karina Dale. Fjellglad Sunnmørsjente som har villa seg til Bergen. Har ei mastergrad i molekylærbiologi, er over snittet glad i trening, god mat og sosiale hendingar.

Kategorier

Arkiv

hits