Tradisjonen tru: SiB-jenter på tur i fjellheimen

Kan ein kalle det ein tradisjon når det berre har skjedd to år på rad? Tja, eg prøvar meg.

 

I år som ifjor fekk eg i juli besøk av fleire venninne/instruktørkollegaer frå Bergen med eit mål for turen: Mest mogleg høgdemeter på kortast mogleg tid. Eller, antal høgdemeter i seg sjølv var vel kanskje ikkje det viktigaste, men vi hadde sett oss ut mange turar vi hadde lyst på, og då var målet å rekkje flest mogleg av desse. Nokre av turane kunne ikkje gjennomførast -  i sommar var mykje snø i fjellet, noko som sette ein stoppar for den eine turen vi hadde planar om å gjennomføre.

 

I fjor då jentene var her hadde vi tidenes, og då meinar eg TIDENES sommarvêr. Då var det shorts og sports-bh 3 dagar til endes, og vi kunne ikkje ha vore meir heldige med vêret. Meldingane for helga dei skulle kome såg ikkje lovande ut, men jaggu snudde det! Sjølv om temperaturane var på langt nær så høge som året før, vart det likevel solskin og mange flotte turar på oss. Det vart fleire turar mange av dagane, og nokre av jentene kom litt seint, medan andre reiste tidligare. Her er turane vi tok oss denne langhelga:

 

Torsdagkveld: Rotsethornet (649 moh):

Kathrine og Stine kom seint til Volda og vi byrja ikkje på turen før klokka var halv 10. Det lønte seg, for vi fekk ein nydelig solnedgong på toppen, og dermed ein fantastisk start på helga. Kjekt å få vise jentene sentrumsfjellet i Volda!



 Fredagsformiddag: Middagshornet (1091 moh) via Hallehornet:

Denne turen såg ut til å verte regnfull, men på toppen av Middagshornet skein sola opp og eg fekk vise fram den nydelig utsikta mot Molladalen der vi telta året før. Denne toppen likar eg godt, for utsikta er storslått både i retning Molladalen, Romedalen og ut mot Ålesund. Dessutan er det ein artig tur å gå, og ein kan gå hit frå mange stadar. Denne gongen gjekk vi frå Romedalen via Hallehornet, det er første gong eg har gått denne vegen før (sjå biletet under).

 


Mot Romedalen frå toppen av Middagshornet. Hallehornet nr.2 bak, og høgst nesten midt i bildet ruvar kongen av Sunnmøre, Kolåstinden.

 

Glade jenter med flotte Molladalen i bakgrunnen.

Det vart nok med denne turen fredag, eg, K og S stakk innom Stamina ein tur og kosa oss med slyngetrening, før det vart pizza og kos då Elisabeth kom fykande frå Bergen på kveldstid. God oppladning til høgdemeterane som venta oss i helga!

 

Laurdag: Lidaveten (592 moh) og Dalegubben (1344 moh):

Laurdagen starta vi med ein aldri så liten "oppvarmingstur" på Lidaveten (592 moh). Dette fjellet er eit av dei som gjev god "valuta" for relativt lite arbeid - fin utsikt på alle kantar, spesielt innover Ørstafjorden. Vi rakk dessutan akkurat å springe ned igjen og kome oss heim til siste jente, Mari, var på plass i Volda!

 

Tommel opp for ein fin morgentur!

 

Då alle jentene endeleg var samla var det tid for eit av høgdepunkta med helga. Med gradvis betre vêr og stigande temperaturar vart turen til Dalegubben (1344 moh) frå ferjekaia på Sæbø (via Gunnarråsa) mykje finare enn forventa! Siste tredjedel av turen vart gjort i litt tung snø, men dette gjorde det desto lettare på returen. Utsikta frå Dalegubben er ei av mine favorittar - fantastisk utsyn over fjordkrysset i Hjørundfjorden og alle fjella kring! Eg veit at jentegjengen var mektig imponert, dei òg.

Utsikta frå toppen av Dalegubben med Sæbø nede til venstre.

 

Ei kjempeglad jente. Livet er best UTE!

 

Fine jentene mine klar for retur.

 

 

Klagar VERKELEG ikkje på utsikta på returen. Heller ikkje på underlaget!

 

Etter den fantastiske turen til Dalegubben vart det ein velfortent kosekveld med taco og snop. Vi kosa oss med maten, latter og prat, før vi kraup til sengs og lada opp til meir #etehøgdemeter dagen etterpå.

 

Søndag: Saksa (1073 moh) og Helgehornet (623 moh):

Søndagsmorgen returnerte vi til Sæbø, men denne gongen tok vi ferja over til Leknes, svingde opp frå vegen rett før Urke Landhandel og la deretter i vei til Saksa. Dette var kun nokre veker før den nye Saksaråsa vart laga, så hit gler eg meg til å gå igjen neste sommar. Tidlig på turen såg det ut til at tett tåke skulle hindre sikt på toppen, men nok ein gong snudde vêret i vår favør og vi fekk nyte endå meir storslått sunnmørsk natur. Utsikta mot Slogen er nydelig, det same tilbake mot Sæbø.

 

Strike a pose! Med Norangsfjorden og Slogen i sikte.

 

Fin utsikt mot Sæbø her også. Gårsdagens tur er rett utanfor biletet til høgre.

 

Søndagsettermiddag og kveld vart vi to færre då Mari og Stine reiste. Eg, Kathrine og Elisabeth nytta den nydelege kveldssola til ein aldri so liten "restitusjonstur" på Helgehornet (623 moh). På same måte som Lidaveten er dette eit fjell som gir bra utsikt for lite innsats - og kveldsturen vart komplett i strålande sol.

 

 



Med Mork og Volda i bakgrunnen.

 

Mandag: Vallahornet (833 moh):

Mandagsmorgen var planen eigentleg å dra på Saudehornet. Tunge bein og mykje skodde oppe i høgda gjorde at vi enda turen på Vallahornet, men det vart likevel ei fin avslutning på fantastiske dagar med mange gode opplevingar!



Frå Vallahornet med Ørsta nedanfor.

 

Alt i alt har begge åra med besøk av desse jentene vore svært vellukka. Vi har sjølvsagt store planar om å få dette til kvart eit år framover, og om vi er like heldige med vêret og turvala som dei to første åra, ja då har vi mykje å glede oss til! Livet ER best ute!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Karina Dale

Karina Dale

24, Volda

Karina Dale. Fjellglad Sunnmørsjente som har villa seg til Bergen. Har ei mastergrad i molekylærbiologi, er over snittet glad i trening, god mat og sosiale hendingar.

Kategorier

Arkiv

hits